Skriv ut Legg til bokmerke
Judy Stomsvik

Judy Stomsvik

Kvinne 1950 - 2023  (72 år)

Personlig informasjon    |    Media    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

  • Navn Judy Stomsvik 
    Fødsel 22 Okt 1950  Los Angeles, California, USA Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Kvinne 
    Biografi Minnetale for Judy under bisettelsen i Tingvoll kyrkje ved Leif Arne Storset. 
    • BARNDOM OG UNGDOM
      Vi er samla i dag for å ta farvel med Judy. Eg vil seia nokre ord frå familien om vår kjære mor, hustru og svigermor.
      Ho vart fødd i Los Angeles i California i 1950 og adoptert av Clinton og Grace Stomsvik nokre dagar seinare. Seinare adopterte Clinton og Grace ei jente til som heiter Bonnie. Farfar til Judy hadde utvandra frå Stomsvika i 1905 og far hennar Judy var oppsynsmann i vegvesenet i Los Angeles. Mora hadde vakse opp på prærien i Nebraska og var sjukepleiar.
      Mamma voks opp i adventistkyrkja, og bevarte eit nært forhold til Jesus heile livet. Den neste engelske salma vi skal syngja, “Jesus Loves Me”, song ho både i barndomen og på dødsleiet.
      I tenåra var ho vitne til den dramatiske borgarrettskampen i USA. Dette prega henne, og seinare kunne ho fortelja engasjert om denne tida. Ho interesserte seg for levekåra til minoritetskulturane. I dag er postludiet vårt lånt frå afro-amerikanske gravferdstradisjonar.

      SOSIALT ENGASJEMENT I MELLOM-AMERIKA
      Ho var ein flittig student, og tok to mastergradar, ein i sosialantropologi og ein i helsepedagogikk.
      Like imponerande var det sosiale engasjementet. Ho nøgde seg ikkje med eit behageleg mellomklasseliv i Los Angeles, men reiste til eit Mellom-amerika prega av spenningar og borgarkrig.
      Fyrst til Chiapas i Mexico for å gjera feltarbeid for masteroppgåva: Ho budde saman med indianarane i ei stråhytte ute i jungelen for å kunna skildra samfunnsendringane i møte med vestleg kultur.
      Deretter fór ho ned til Nicaragua for å undervisa på sjukepleiarskule.
      Då borgarkrigen kom farleg nær, og bombeskralla kunne høyrast, valde ho Honduras som neste mål, og underviste i kvinnehelse der.
      Då ho etter eit par år ute reiste heimatt til Los Angeles, jobba ho i eit prosjekt på eit sjukehus i Hollywood med helseinformasjon og -hjelp til gravide innvandrarar frå Mexico, som berre snakka spansk. Ho var hovudforfattar for ei biletbok på spansk med lettfattelege opplysningar om graviditet og helse for mor og barn.
      Då vi sønene dro til urolege plassar i verda, som då Jan fór til Vestbreidda, nemnde ho at ho ikkje kan klaga over det, sidan ho sjølv budde i borgarkrigsherja land og skremde livet av si mor!

      TIL NOREG
      Så kjem vi til 1980. Det året hadde min far Bjarne studiepause, han tok fri og reiste på besøk til slekt og vener i USA. Han hadde eigentleg ikkje tid til å reisa til Los Angeles, men med hjelp frå venene kom han seg dit likevel og møtte Judy.
      I to år sende dei kjærleiksbrev på lydband att og fram over Atlanterhavet, før dei gifta seg i 1982 i Los Angeles.
      I studietida hans Bjarne budde dei i Ytre Enebakk, og i turnustida hans oppheldt dei seg i Lærdal og seinare på Tingvoll i 1984.
      Eg, Leif Arne, vart fødd i 1983 i Lørenskog, og Jan og Erlend i 1986 i Kristiansund.

      PÅ TINGVOLL
      Arbeidsliv
      Då småbarnsperioden var over, tok ho arbeid. Ho fekk jobb som flyktningekonsulent siste halvdel av 90-talet. Som flyktningekonsulent brukte ho kunnskapen om antropologi og kultur til å halda kurs i norsk kultur for flyktningar. Ho hadde jo sjølv personleg erfaring med å tilpassa seg den norske kulturen.
      I dei periodane det ikkje fanst nok flyktningar, jobba ho som saksbehandlar på sosialkontoret.
      Frå århundreskiftet var ho sekretær for legevikarbyrået MedPro her på Tingvoll. Seinare jobba ho med administrasjon og regnskap for Bjarne.
      Aktivisme
      Også etter ho slutta som flyktningekonsulent engasjerte ho seg i ei gruppe som var ein møtestad mellom flyktningar og bufaste i Tingvoll. Ho involverte seg personleg i fleire individuelle asylsaker. Det hende ofte at ho bad folk frå asylmottaket på middag heime hos oss.
      Ho var også med på å driva det tradisjonelle kristne miljøet, spesielt i Normisjon. Ho var aktiv i kvinneforeininga her på Tingvoll i mange tiår, ho var leiar der i fleire år og også regionleiar for Normisjon Møre i 4 år.
      I tillegg leidde ho Diakoniutvalet i 8 år, og var sundagsskulelærar på Tingvoll frå 80-talet, og i Torjulvågen frå 90-talet, til saman 20 år.
      For 10 år sidan konfirmerte ho seg som lutheranar, og om ikkje det var nok: For ikkje lenge sidan vart ho norsk statsborgar.

      SOM PERSON
      Når eg tenkjer på henne som person, var ho spennande å prata med om mangt og mykje, både personlege tema og når vi snakka om litteratur eller samfunn. Ho var veldig glad i å lesa. Det hende mange gonger at vi sønene var begeistra for ei science fiction-bok, og så synte det seg at ho hadde lese same boka 10 år føre vi var fødde!
      Ho likte å laga mat, og var ein trendsetjar med meksikansk og kinesisk mat og brownies. Ein gong vart ho utfordra til å laga kinamat for heile bygda på Sortdal gjestegard, og den utfordringa greidde ho med glans.
      Ho elska å halda på i hagen, og laga saft, syltetøy og gele av det ho hausta inn der. Både dette og amerikanske jolekaker selde ho på jolemesse til inntekt for misjonen.
      Gjestfri og morosam
      Vi kjenner også Judy som ein med frisk humoristisk sans. Ho likte å invitera på festlege lag og laga god mat og god stemning.
      Skulekameratane våre fekk alltid tilbod om middag, langt ut på vidaregåande.

      DEN SISTE TIDA
      På eldre dagar vart ho mindre reisefør, men i fjor vår fekk ho seg ein siste tur til California, der ho fekk eit flott møte med kjær slekt. Dei to kusinene hennar, Brenda og Joanie, var som søstre for henne, og dei hadde båe to reist hit til Tingvoll fleire gonger.
      Den ålvorlege tarmkreften kom overraskande på oss no i august. Berre 21 dagar etter diagnosen forlét ho oss. Dei siste 4 dagane fekk ho vera heime med oss i Ørabakken.
      Til og med på sjukeleiet og på dødsleiet var ho full av liv, gjestfri og morosam. Ho passa på at gjestene vart budd på kaffi og ein stol å sitja på. Ho bad meg senka skuldrene og ikkje stressa på hennar vegne. Då heimesjukepleia spurde korleis ho hadde det, var svaret: “Som plommen i egget.”
      Kvar dag las vi opp meldingane og helsingane ho fekk. Ho var overvelda over all oppmerksamheita, og skjøner ikkje sjølv kvar all denne kjærleiken kom frå. Men vi kring henne veit at vi berre svarar på den omtanken, innsatsen og humøret ho har spreidd gjennom sju tiår.
      I møte med døden var ho tolmodig og sterk. Ho planla sjølv gravferda, spesielt all musikken. Ho uttrykte takk over å ha levt eit rikt liv og å ha gjort alt ho ønska seg, og ho gledde seg til å møta Jesus. Vi kring henne vil alltid hugsa nære samtalar, salmesong og diktlesing på dødsleiet.
      Bror min, Jan, takka henne hjarteleg for at ho har vore slik ei god mor. Då seier ho avslappa: “Det skulle bare mangle.”
    Navneendring Judy Stomsvik Storset 
    Død 20 Aug 2023  Tingvoll, Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Begravelse 25 Aug 2023  Tingvoll kyrkje, Tingvoll, Møre og Romsdal Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Søsken
    1. Nålevende
     
    Person ID I11  Kirsten og Arnes tre
    Sist endret 30 Aug 2023 

    Far Clinton Steinar Stomsvik,   f. 4 Apr 1913, Badger, Minnesota, USA Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 14 Feb 1994, Los Angeles, California, USA Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 80 år) 
    Slektskap adoptert 
    Mor Velma Grace Hoatson,   f. 13 Okt 1910, Nebraska, USA Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 18 Des 1994, Los Angeles, California, USA Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 84 år) 
    Slektskap adoptert 
    Famile ID F10  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Nålevende 
    Barn 
     1. Nålevende
     2. Nålevende
     3. Nålevende
    Famile ID F9  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 17 Aug 2014 

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - 22 Okt 1950 - Los Angeles, California, USA Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 20 Aug 2023 - Tingvoll, Møre og Romsdal Link til Google Earth
    Link til Google MapsBegravelse - 25 Aug 2023 - Tingvoll kyrkje, Tingvoll, Møre og Romsdal Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 
    Tegnforklaring  : Adresse       : Lokasjon       : By       : Fylke/Grevskap       : Stat/Provins       : Land       : Ikke satt

  • Bilder 3 Bilder